Viser og slikt – konsert på Sande kyrkjelydshus

page view image
Evenemangsdatum

söndag 12 jan 2025 16:30

avslutas söndag 12 jan 2025 18:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

Viser og slikt – konsert på Sande kyrkjelydshus
event image

Evenemangsinformation

Vestlandsblå viser om levd liv

Kva var vi menneske utan dikt og draum? Songpoeten Helge Johnsen og kontrabassist Ove Mjåtveit har med seg begge deler når dei kjem til Sande søndag 12. januar. Saman med gitarist Ivar Bruvik Sætre byr dei på songar merkte av levd liv – «viser for vaksne i alle aldrar», som Helge kallar det.

Songane deira er gjerne lågmælte, melodiske og nedstrippa, framførte med stålstrenggitarar og kontrabass. Dei har melodiar som løfter fram tekstar om livet som alltid er i endring, kjærleikens årstider, det vestlandsblå vemodet og humoren som kastar solskinet sitt ned i sinnets djupe fjordar.

Nokre av songane er slike Helge skreiv og brukte då han var ung visesongar på 1970-talet. Nokre er nye, og andre har tekst han har skrive til andre sine melodiar. I nokre høve har han gjort nyskapingar ved å kople saman dikt og melodiar frå ulike kantar. Storparten av det dei framfører er songar folk ikkje kjenner frå før.


Helge Johnsen var aktiv under den store norske visebølga på 1970-talet, men let songane og poesien sin leve sitt stille liv til husbruk og i gode veners lag, i dei meir enn førti åra han var pressemann i m.a. avisa Firda. No er han ute av journalistyrket, har hatt ei varm gjenforeining med lyrikken og gitaren, og deler igjen denne sida av den skapande aktiviteten sin med eit publikum.

Ove Mjåtveit spelte gitar i danseband i ungdomstida på 70- og 80-talet, men melde overgang til kontrabass som førtiåring. Han er musikalsk altetande, spelar symfonimusikk, jazz, pluss tango- og balkanrytmer i gruppa «Bellatango» – og har no også teke kontrabassen sin med seg inn i visesjangeren.

Ivar Bruvik Sætre tok til å spele gitar som 13-åring. Han meistrar ulike sjangerar, som jazz og String Swing-stilen Django Reinhardt i si tid gjorde kjend. Mest går det i rock og blues, med nokre jazzstunder innimellom. I samarbeidet med Helge og Ove spelar han melodisk, akustisk visegitar.

Ansvarsfriskrivning

kjøpte biletter refunderast ikkje.

Arrangör
Viser og slikt