Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Helge Johnsen med Viser og slikt – konsert i Hestad kapell
Dei siste to åra har Helge Johnsen, saman med musikarane Ove Mjåtveit (kontrabass) og Ivar Bruvik Sætre (gitar), halde nær 30 konsertar og opptredenar rundt om i Sogn og Fjordane. Overalt har dei møtt lydhøyre konsertgjengarar og fått varme, takksame tilbakemeldingar frå eit publikum som har kjent seg treft – både i hjarte og sjel.
Med lågmælte, ærlege songar om levd liv og menneskeleg lengt, har trioen bygd seg eit namn i regionen. På scena byr dei på nynorsk songpoesi med tekstar til ettertanke og melodiar til kvile for sjel og sinn. Helge Johnsen kallar det sjølv «viser for vaksne i alle aldrar».
Mange kjenner Helge Johnsen som journalist og tidvis hardtslåande kommentator i Firda. I visesongaren kjem andre sider fram – poeten som skriv om livets brattlende og sinnets djupe fjordar, om kvardagskamp og kjærleik, og om humoren som held oss oppe.
Meir enn to hundre år gamle Hestad kapell gir ei vakker og verdig ramme for ein intimkonsert med desse viseperlene. Her er det berre å sikre seg billett – dette blir ei oppleving å ta med seg inn i hausten..
Helge Johnsen var aktiv under den store norske visebølga på 1970-talet, men let songane og poesien sin leve sitt stille liv til husbruk og i gode veners lag, i dei meir enn førti åra han var pressemann i m.a. avisa Firda. No er han ute av journalistyrket, har hatt ei varm gjenforeining med lyrikken og gitaren, og deler igjen denne sida av den skapande aktiviteten sin med eit publikum.
Ove Mjåtveit spelte gitar i danseband i ungdomstida på 70- og 80-talet, men melde overgang til kontrabass som førtiåring. Han er musikalsk altetande, spelar symfonimusikk, jazz, pluss tango- og balkanrytmer i gruppa «Bellatango» – og har no også teke kontrabassen sin med seg inn i visesjangeren.
Ivar Bruvik Sætre tok til å spele gitar som 13-åring. Han meistrar ulike sjangerar, som jazz og String Swing-stilen Django Reinhardt i si tid gjorde kjend. Mest går det i rock og blues, med nokre jazzstunder innimellom. I samarbeidet med Helge og Ove spelar han melodisk, akustisk visegitar.
Arrangement i samarbeid med Fortidsminneforeningen