Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers
Legal terms for organizers.
Helge Johnsen har siste åra gledd visevener ei rekkje stadar i Sogn og Fjordane med songane sine. Saman med Ove Mjåtveit (kontrabass) og Ivar Bruvik Sætre (gitar) kjem han no til Kardemomme Kaffibar med «Viser og Slikt»: Songpoesi frå levd liv.
Sjølv kallar Helge seg spøkefullt for ein overlevande frå visebølga på1970-talet. Han heldt seg borte frå konsertscenane i dei mange åra han var journalist i Firda, men etter at han gjekk ut av presseyrket kom visene, gitaren og poesien tilbake for fullt. Songane hans har eit lågmælt, ofte inderleg uttrykk, med tekstar Helge omtalar som «viser for vaksne i alle aldrar».
Denne onsdagskvelden på Kardemomme tek han med seg eit knippe songar til å varme seg på i desemberkulden: Vestlandsblå viser som speglar sinnets fjell og djupe fjordar, men der humoren stadig sender solstrålane sine ned. Dei fleste songane er Helge sine eigne.
Velkomen til å setje seg ned ei stund rundt orda og musikkens lune leirbål.
Helge Johnsen var aktiv under den store norske visebølga på 1970-talet, men i dei meir enn førti åra han var journalist i m.a. Firda let han songane og poesien sin leve sitt stille liv til husbruk og i gode veners lag. No er han ute av presseyrket, har hatt ei varm gjenforeining med lyrikken og gitaren, og deler igjen denne sida av den skapande aktiviteten sin med eit publikum.
Ove Mjåtveit spelte gitar i danseband i ungdomstida på 70- og 80-talet, men melde overgang til kontrabass som førtiåring. Han er musikalsk altetande, spelar symfonimusikk, jazz, pluss tango- og balkanrytmer i gruppa «Bellatango» – og har no også teke kontrabassen sin med seg inn i visesjangeren.
Ivar Bruvik Sætre tok til å spele gitar som 13-åring. Han meistrar ulike sjangerar, som jazz og String Swing-stilen Django Reinhardt i si tid gjorde kjend. Mest går det i rock og blues, med nokre jazzstunder innimellom. I samarbeidet med Helge og Ove spelar han melodisk, akustisk visegitar.