Viser og Slikt på Kråkenes fyr

Han lærte seg sine første gitargrep og skreiv sine første viser på guterommet på Kråkenes fyr. No vender Helge Johnsen tilbake for å halde konsert i stovene der han voks opp ved storhavet.

page view image

Tickets Not Available

bestellen
Es stehen keine Tickets mehr zur Verfügung
event image

Event-Informationen

Konserten fredag 13. september vart utselt på kort tid. No blir det EKSTRAKONSERT laurdag 14. september kl 14:00. 

Billettar finn du her: 
Billetter til konserten laurdag kl 14:00

Fredag 13. september tek han med seg kontrabassisten Ove Mjåtveit og gitaristen Ivar Bruvik Sætre for å synge vestlandsblå viser om levd liv i det som for Helge var barndommens stover.

I samarbeid med Ytre Nordfjord Turlag, og etter nær seks månaders planlegging, ligg alt no til rette for at du kan få ei heilt unik konsertoppleving på Kråkenes fyr. Med berre 35 plassar vert dette ei moglegheit du ikkje bør la gå frå deg.

Mange har sett Helge Johnsen fortelje om oppveksten på Kråkenesfyret i NRK-serien «Fyrbarna», og mange har opplevd forteljaren Helge i andre samanhengar. No besøker han fyret i ei anna rolle, som visepoet, men han kjem sikkert også til å legge inn ei historie eller to frå den tida han budde på landets mest vêrharde fyrstasjon.

Helge Johnsen, Ove Mjåtveit og Ivar Bruvik Sætre  har tidlegare halde konsert i m.a. Kinn kyrkje.

Helge var aktiv som visesongar i ungdomsåra, og vågsøyværingane opplevde han dengong i viseduo med Sigrun Vevle Gotteberg. Seinare vart han ein kjend og markant samfunnsjournalist i Sogn og Fjordane, og etter at han gjekk ut av presseyrket tok han opp att visene og poesien. Siste to åra har det blitt ei rekkje godt mottekne konsertar ulike stadar i Sogn og Fjordane – mellom anna i ærverdige Kinn kyrkje. Også på Kråkenes vil kystlandskapet og storhavet gi ei heilt eiga ramme for tekstane hans; om livet som alltid er i endring, kjærleikens årstider, det vestlandsblå vemodet og humoren som kastar solskinet sitt ned i sinnets djupe fjordar.

Ove Mjåtveit, Ivar Bruvik Sætre og Helge Johnsen konsert i Balestrand.

Helge Johnsen, Ove Mjåtveit og Ivar Bruvik Sætre spelar akustisk og i ein lågmælt stil. Mesteparten av visene og tekstane har Helge skrive sjølv.

– Vi plar kalle det «viser for vaksne i alle aldrar», seier han.

Dei tre gler seg til å spele på fyret 13. september.

– Vi tek med oss eit knippe songar og tekstar vi trur vil høve for ein kveld med dikt og draum under høg himmel og ved ope hav. Vi vil gjere det vi kan for at dette skal bli ei oppleving for dei som kjem og høyrer på, seier Helge Johnsen.

Collage illustrasjon- Foto: Alf Vidar Snæland og Line Hårklau (DNT)visekonsert på barndommens fyr
Illustrasjon Foto: Alf Vidar Snæland og Line Hårklau (DNT)

Helge Johnsen var aktiv under den store norske visebølga på 1970-talet, men i dei meir enn førti åra han var journalist i m.a. Firda let han songane og poesien sin leve sitt stille liv til husbruk og i gode veners lag. No er han ute av presseyrket, har hatt ei varm gjenforeining med lyrikken og gitaren, og deler igjen denne sida av den skapande aktiviteten sin med eit publikum.

Ove Mjåtveit spelte gitar i danseband i ungdomstida på 70- og 80-talet, men melde overgang til kontrabass som førtiåring. Han er musikalsk altetande, spelar symfonimusikk, jazz, pluss tango- og balkanrytmer i gruppa «Bellatango» – og har no også teke kontrabassen sin med seg inn i visesjangeren.

Ivar Bruvik Sætre tok til å spele gitar som 13-åring. Han meistrar ulike sjangerar, som jazz og String Swing-stilen Django Reinhardt i si tid gjorde kjend. Mest går det i rock og blues, med nokre jazzstunder innimellom. I samarbeidet med Helge og Ove spelar han melodisk, akustisk visegitar.

Verzichtserklärung

kjøpte biletter refunderast ikkje.

Veranstalter
Viser og slikt